Hopp til hovudinnhald

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Universell utforming

2022 var året då digitalt utanforskap og universell utforming (uu) for alvor vart sett på dagsorden. Førespurnader til tilsynet og saker som gjeld diskriminering på ikt-området har auka kraftig.

Bilde av en smilende jente med briller som holder et nettbrett
  • EU-direktivet om tilgjengelege nettløysingar (webdirektivet) som vart innført i 2022 og gjeld frå 1.2.2023, skjerpar krava til uu av nettstader og appar brukt i offentleg sektor. Utrulling av Uu-tilsynet si løysing for tilgjengelegheitserklæringar har difor hatt høgste prioritet.

Digdirs mål

Digdir hadde tre mål for arbeidet med universell utforming av ikt i 2022.

Mål 1

Auka etterleving av regelverket

Resultat

  • Vi rulla ut Tilgjengeligheitserklæringa for nettstader til 2 752 offentlege verksemder, som auka behovet for informasjon og rettleing.
  • Vi prioriterte informasjon om nye krav på uutilsynet.no, som hadde 200 000 besøk – 50 % fleire enn året før.
  • 739 fekk rettleiing, mot 308 i 2021. Snitt på svartid var fortsatt 10 dager.
  • Tilsynet testa 50 ikt-løysingar som var klaga inn til Diskrimineringsnemda i 2022. Det er det firdoble som året før. 50 % gjaldt skule og utdanning.
  • Vi avdekka brot på regelverket i 94 % av sakene.

Prioriteringer og tiltak

  • I 2023 vil vi vidareutvikle rettleiingstilbodet til verksemdene som skal etterleve regelverket.
  • Vi vil prioritere tilsyn med digitale løysingar og læremiddel i utdanningssektoren.
  • Vi må førebu oss på å handheve utvida og delt regelverk.

Oppnådd

Mål 2

Leiande fagorgan innan uu av ikt

Resultat

  • Vi vidareutvikla statistikksidene på uutilsynet.no med ny innsikt og statistikk på fleire område.
  • Tilsynet deltok på ei rekke nettverk og faglege arenaer både i Noreg og Europa, kor tilsynet også leiar den strategiske rådgjevingsgruppa SAGA.

Prioriteringer og tiltak

  • Eit utvida regelverk for universell utforming, opptrapping av kontrollar og kraftig auke i rettleiingsbehovet utfordrar verksemda.
  • Vi forventar svært kraftig vekst i talet på førespurnader om rettleing.
  • Vi treng meir kunnskap om status for og årsakene til digitalt utenforskap, som også vert eit fagspor på Digitaliseringskonferansen i 2023.

Oppnådd

Mål 3

Eit datadrive digitalt tilsyn

Resultat

  • I 2022 fortsatte tilsynet arbeidet med å digitalisere kontroll og tilsyn.
  • Den største milepelen var utrullinga av den nye tilgjengeligheits-erklæringa for offentlege nettstader.

Prioriteringer og tiltak

  • Vi skal vidareføre arbeidet med datadrive digitalt tilsyn. Hovudutfordringa er at arbeidet ikkje er finansiert i 2024.
  • Tilsynet utviklar ei løysing for tilgjengelegheitserklæringa for appar.

Oppnådd

Talet på saker om diskriminering på ikt-området, periode 2015-2022

Nøkkeltal om universell utforming

Tilsynsaktiviteten har over tid avdekka mange brot på regelverket. Dei fleste rettar opp avvika innan fristen. Det er aukande interesse for informasjon og rettleiing om universell utforming.

200 111
Positiv aukande trend

besøk på tilsynet sin nettstad, uutilsynet.no, i 2022, mot 133 448 i 2021.

739
Positiv aukande trend

spørsmål til tilsynet om rettleiing i 2022, mot 308 i 2021.

Mål

Digdir er tilsynsorgan for universell utforming av ikt i privat og offentleg sektor. Tilsynet har ei uavhengig rolle, men inngår i Digdir si verksemd. Visjonen om eit samfunn utan digitale barrierar er utleia av formålet med regelverket og støttar regjeringa sitt mål om ein ikt-politikk for verdiskaping og deltaking for alle. Visjonen er eit samfunn utan digitale barrierar. Tilsynet har tre delmål:

  1. Auka etterleving av regelverket
  2. Leiande fagorgan innan universell utforming av ikt
  3. Eit datadrive digitalt tilsyn

Resultat

Mål 1: Auka etterleving av regelverket

Etterleving av regelverket skal bidra til at fleire vert inkluderte på digitale samfunnsarenaer. Det er framleis ein lang veg å gå for å sikre uu og hindre digitalt utanforskap. Uu-tilsynet er uttaleorgan for Diskrimineringsnemnda, og vi testar universell utforming i ikt-løysingar som er klaga inn til nemnda. Regelverket gir dermed også diskrimineringsvern for den enkelte. I 2022 fekk vi 50 saker, nær ei firedobling frå året før. Nær halvparten av sakene gjeld skule og utdanning, og brot på regelverket rammar dermed barn og unge i stor grad.

Figur - saker om diskriminering på ikt-området, fordelt på saker med regelverksbrot og saker der det ikkje er avdekka regelverksbrot

Brot med regelverket for uu av ikt er avdekka i 94 % av sakene.
Brot vart avdekka på 30 av 32 nettstader og i 14 av 15 appar.

Avvika famnar breitt og rammar mange brukarar som

  • er avhengige av opplesingsverktøy eller andre hjelpemiddel
  • har behov for at videoar, lydklipp, bilde og illustrasjonar er teksta eller har tekstalternativ
  • navigerer med tastatur
  • er avhengige av god kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • har behov for god tid til utfylling av skjema og funksjonalitet for å unngå feil og for å rette feil

Som følge av webdirektivet, som vart innført i norsk rett i 2022 og gjeld frå 1.2 2023, arbeider tilsynet med å digitalisere arbeidsprosessar for databaserte kontrollar. Løysinga for tilgjengelegheitserklæringar inngår i dette. Løysinga er obligatorisk for offentleg sektor. I løysinga fyller verksemdene ut eit skjema med tilhøyrande rettleiing om krava.

Med ei slik felles løysing får brukarane lettare oversikt over status for uu i ulike digitale tenester, og med løysinga kan Uu-tilsynet gjennomføre automatiserte databaserte kontrollar.

I fjerde kvartal 2022 rulla vi ut løysinga for tilgjengelegheitserklæringar til 2.752 offentlege verksemder. Fristen for å publisere erklæring er 1. februar 2023. Utrullinga har gått svært bra, og mange verksemder tek kontakt for informasjon og rettleiing både om løysinga og regelverket.
Behovet for rettleiing har auka kraftig, særleg mot slutten av 2022. Tilsynet sin viktigaste informasjonskanal er uutilsynet.no. Informasjon om nye krav for offentleg sektor som følge av webdirektivet, med særleg vekt på tilgjengelegheitserklæringa, har høg prioritet. Dette viser godt igjen i bruken av uutilsynet.no.

Nettstaden hadde meir enn 200 000 besøk i 2022, ein auke på 50 prosent frå året før. I fjerde kvartal var bruken 128 prosent over same kvartal i 2021.

Figur - talet på besøk på tilsynet sin nettstad, uutilsynet.no, periode 2019-2022

Vi har hatt markant auke i spørsmål med særleg stor auke i 4. kvartal. Dette heng saman med utrulling av tilgjengelegheitserklæringa.

Vi når mange gjennom foredrag og webinar. I 2022 gjennomførte vi i alt 42 foredrag og webinar, mot 14 året før. Fagbloggen på uutilsynet.no hadde 24 innlegg, der åtte var videointervju frå Arendalsveka om digitalt utanforskap med statssekretær Gunn Karin Gjul, Nav-direktør Hans Christian Holte, Terje Andre Olsen frå Blindeforbundet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Kartverket, IKT-Norge, Seniornett og Norsk Regnesentral. Tilsynet publiserte også ein podkast med Ronny Brede Aase om digitale læremiddel.

Vi har hatt 31 medieoppslag i 2022 i avis, TV og radio, blant anna om digitalt utanforskap, tilgjengelegheitserklæringa og tilsyn.

Sosiale media er ein viktig kanal for å skape merksemd om uu og digitalt utanforskap. Uu-tilsynet er på Facebook, Instagram og LinkedIn. Talet på følgjarar aukar. I november trekte tilsynet seg frå Twitter som reaksjon på at Twitter sitt tilgjengelegheitsteam vart nedlagt.

Mål 2: Leiande fagorgan innan universell utforming av ikt

Kartleggingar, statistikk og analyse skal gi auka kunnskap og sikre eit kunnskapsbasert fundament for verksemda. I 2022 vidareutvikla vi statistikksidene på uutilsynet.no med analysar av data frå tilsyn og diskrimineringssaker, status for uu av ikt og data om digital deltaking og utanforskap. Årlege møte med brukarorganisasjonar gir oss også innspel om utfordringar og viktige tema.

Tilsynet samarbeider med andre nasjonale myndigheitsorgan som for eksempel Bufdir, Udir, HK-dir, Diskrimineringsnemnda, og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Vi samarbeider også internasjonalt gjennom deltaking i The Web Accessibility Directive Expert Group (WADEX) leia av EU-kommisjonen og Nordisk-Baltisk samarbeid (NOBAN) om handheving av EU-regelverk. Tilsynsdirektøren leiar SAGA - strategisk rådgjevingsgruppe for universell utforming, etablert av CEN/CENELEC.

Mål 3: Eit datadrive digitalt tilsyn

For å kunne handheve utvida regelverk og trappe opp kontrollverksemda i tråd med regelverket, skal kontroll og tilsyn baserast på effektiv dataproduksjon og analyse. Det første steget mot eit digitalt datadrive tilsyn er utrullinga av felles løysing for tilgjengelegheitserklæringar og etablering av dataplattform i 2022. I 2023 etablerer vi fleire digitale prosessar for kontroll.

Utfordringar

Utvida regelverk, opptrapping av kontrollar og kraftig auke i rettleiingsbehovet utfordrar tilsynet.

I 2023 skal vi gjennomføre eit sektortilsyn med opplæringssektoren, som innbefattar ein samordna innsats for tilsyn, rettleiing og kartleggingar, og i parallell gjennomføre følgande:

  • oppfølging av tilgjengelegheitserklæringane for nettsider
  • utvikling av løysing for tilgjengelegheitserklæringa til appar
  • ferdigstilling av metodar og verktøy for forenkla og inngåande kontroll og tilsyn
  • vidareutvikling av rettleiing til verksemder som skal etterleve regelverket
  • handtere ein svært kraftig vekst i talet på førespurnader om rettleiing

Dette er svært omfattande og utfordrande med dagens ressursar.

Digitalt utanforskap

Digitalt utanforskap er knytt til ulikskap. Det handlar om tilgang til og føresetnader for å kunne bruke digitale tenester. Personar med nedsett funksjonsevne har mindre digital erfaring og opplever større vanskar med å bruke digitale løysingar enn befolkninga elles. Elevar og studentar skal i stadig større grad bruke digitale læremiddel og eksamensløysingar.

Med digitalisering på fleire og fleire samfunnsområde, vert konsekvensen av å bli stengt ute stadig større. Meir kunnskap om omfanget av digitalt utanforskap, særleg blant barn og unge, og om effektar av tiltak for digital inkludering, krev samarbeid mellom myndigheitsorgan og akademia. Med samarbeid kan vi arbeide meir målretta mot digitalt utanforskap.

Prioriteringer og tiltak

  • Tilsyn med digitale læremiddel og løysingar i utdanningssektoren
  • Formidling av kunnskap om status for uu av ikt og digitalt utanforskap
  • Oppdatert tolking og rettleiing om nye krav
  • Førebu handheving av utvida og delt regelverk
  • Vidareutvikle løysinga for tilgjengelegheitserklæring for appar
  • Vidareføre datadrive digitalt tilsyn
Dag Ove Eggum portrett

- "Det er meningsfullt å jobbe med universell utforming av ikt i Digdir. Som produkteigar for Tilgjengelegheitserklæringa er eg med på å auke medvitet rundt digitalt utanforskap - og gjere digitale tenester meir tilgjengelege for alle."

Dag Ove Eggum (39), produkteigar for Tilgjengelegheitserklæringa Leikanger, tilsynet for universell utforming av ikt