Hopp til hovedinnhold

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Kapittel 1: Melding frå leiaren

I si melding frå leiaren gir konstituert direktør Frode Danielsen si overordna vurdering av den samla mål- og resultatoppnåinga, utfordringane og prioriteringane til Digdir i 2022.

Frode Danielsen portrett med sitat og underskrift

Vi som har jobba med digitalisering ei stund, veit at endring er det normale. 2022 vart eit år prega av store endringar for Digdir. Trass i interne endringar, og at rammevilkåra har blitt endå tøffare, heldt vi trykket på moderniseringa av kritisk infrastruktur for samfunnet. Digdir tok utfordringa igjen – og sikra full fart inn i 2023.

Det er kanskje fort å tenke at Digdir, regjeringa sin spydspiss for digitaliseringa, står litt handlingslamma tilbake når direktøren og fleire i toppleiinga sluttar på kort tid og når budsjetta ikkje står til oppgåvene. Men denne årsrapporten viser eit anna resultat. Den viser at dyktige og ambisiøse tilsette, i tett samarbeid med mange andre statlege, kommunale og private aktørar, fann løysingar saman. Internt omprioriterte vi knalltøft og prestisjelaust for å sikre nok trykk på det mest kritiske. Saman med Skate har vi snakka høgare enn nokon gong før om kva som trengs. 2022 har vist at i tøffe tider er det tid for lagspel.

Som ny fungerande direktør for Digdir er eg imponert over tilsette og samarbeidspartnarar, men eg er ikkje overraska. Gjennom pandemien har vi styrka samhandlinga og vist evne til å finne konkrete løysingar raskt og effektivt saman. Fine ord kjem vi langt med, men resultata talar for seg sjølv. Digdir er ikkje på pause.

Illustrasjon av en person som scroller på mobilen.

Fullt trykk på arbeidet med å modernisere ID-porten og Altinn

Digdir gjennomfører to av dei mest komplekse teknologiprosjekta i offentleg sektor, samstundes med at fellesløysingane blir nytta av meir enn 12000 offentlege digitale tenester kvar dag. Grunna gamal og utgåande teknologi er modernisering naudsynt for å oppretthalda sikkerheit og stabilitet for tilnærma alle digitale tenester frå det offentlege. Moderniseringsarbeida er særleg komplekse og har høg risiko fordi at arbeidet må gjennomførast samstundes som at tenestene som nyttar dagens infrastruktur skal fungere som normalt.

I 2022 intensiverte Digdir arbeidet med moderniseringa av ID-porten, som er ein føresetnad for all digitalisering i Noreg. På seks år har bruken av den samfunnskritiske løysinga meir enn tidobla. Sjølv om veksten i bruk var mindre i 2022 enn gjennom pandemiåret 2021, tek mellom 1 000 og 2 000 nye offentlege tenester i bruk fellesløysingane i 2023 og åra framover. Det er kritisk å fornye den teknologiske plattformen for å ruste Noreg for framtida.

Det andre teknologiprosjektet er "nye Altinn", som er ei samfunnskritisk løysing for store deler av offentleg sektor og næringslivet. I 2022 har vi styrka laget for å kome i mål med overgangen frå gamle til nye Altinn innan fristen juni 2025. Samarbeidet med verksemdene som har tenester i Altinn som må flyttast dei neste to åra er avgjerande, og vi samarbeider tett for å kome i mål med jobben og sikre at vi har rammer for å gjere det naudsynte løftet.

Når vi ikkje "fornyingsfristane», vil det bli dobbeltkostnadar for Digdir og samfunnet på fleire titalls millionar kroner ekstra i året, sikkerheiten i mer enn 12 000 offentlege tenester blir svekka, og vi risikerer at fellesløysningane ikkje klarer å følge teknologiutviklinga og blir mindre relevante. Fellesløysingane er sentrale for å legge til rette for effektiv og sikker digitalisering i tida som kjem. Gjennom stramme prioriteringar har Digdir i 2022 halde framdrifta i kritisk moderniseringsarbeid, for å komme i mål treng vi auka satsing på fellesløysingane.

Klar bekymringsmelding frå Skate

Eg har stor forståing for at det er tøffare tider for alle. Vi i Digdir snur kvar stein og gjer alt vi kan for å forvalte våre ressursar til beste for samfunnet. I 2022 omprioriterte vi knallhardt for å få til det mest kritiske i trongare tider. Ein konsekvens av det var - og er - at vi har lite rom for andre Digdir-oppgåver og nyutviklingsprosjekt. Det er kritisk å sikre den digitale grunnmuren for samfunnet, og vi har ei plikt til å seie frå om kva som trengs. Difor sendte Digdir og Skate ei bekymringsmelding og klar tilråding til regjeringa i 2022:

"Bruken av alle fellesløsninger har økt betydelig de siste årene, noe som medfører økte drifts- og forvaltningskostnader hos alle eiere av fellesløsningene. Når Digdir og andre forvaltere av fellesløsninger ikke har tilstrekkelige budsjettrammer til å forvalte og videreutvikle fellesløsninger slik offentlig sektor har behov for, vil det redusere måloppnåelsen i regjeringens og KS sin digitaliseringsstrategi. Samtidig vil kostnadene, risiko for nedetid i tjenester og manglende måloppnåelse øke hos hver enkelt virksomhet som bruker fellesløsningene.

Skate mener at det i fremtidige budsjetter er behov for en tydelig satsning på digitale fellesløsninger. Dette er en digital infrastruktur både statlige virksomheter og kommuner er avhengig av for å utvikle egne tjenester samt sammenhengende digitale tjenester for innbyggere, næringsliv og frivillig sektor i hele landet. Digitale fellesløsninger er en forutsetning for rask, effektiv og brukervennlig digitalisering."

I 2022 viste vi krafta i samarbeid og felles økosystem

Pandemien viste oss kva vi kan oppnå når vi samarbeider på tvers av verksemder og sektorar. Denne erfaringa og tilliten kunne vi bygge på då krigen braut ut i Ukraina i februar. I april fekk Digdir oppdraget med å få på plass eID slik at flyktningane frå Ukraina så raskt som mogleg skulle kunne ta i bruk offentlege digitale tenester. Vi jobba tverrfagleg på tvers av offentlege og private samarbeidspartar slik at flyktningane fekk eID og støtte til å ta i bruk digitale tenester.

Gjennom året vart det klart at vi gjekk tøffare tider i møte, og det utfordrar uten tvil digitaliseringstakta. I tøffare tider ser vi verdien av felles økosystem for digital samhandling og tenesteutvikling, der aktørane utviklar og forbetrar samhandlingsevna gjennom å dele ressursar og skape løysingar saman. Fellesløysingane er éin type ressursar, andre er standardar, beste praksis og prinsipp. Som både pandemien og Ukraina-samarbeidet viste, er vårt felles økosystem ein del av det digitale immunforsvaret til Noreg.

Deling og bruk av data er avgjerande for å oppnå samanhengande tenester for brukarane. I 2022 har Digdir hatt fokus på å spre kunnskap om jurdiske, teknologiske og forretningsmessige forhold rundt datadeling. Saman med samarbeidspartar har vi gjennom løysingar og samhandlingsarenaer lagt til rette for økt deling og gjenbruk av data. Økt tilgang til data er naudsynt for å hente ut effektar og nytte av ny teknologi i framtida. Også i åra som kjem skal Digir spele ei sentral rolle for at samfunnet effektivt og trygt kan skape verdiar ved bruk av data som det offentlege har.

Samarbeid som ressurs og innovasjonskraft kom tydeleg fram då Digdir og Norges bank inviterte til idemyldring om digitale sentralbankpengar med påfølgande hackathon i november. Mer enn 100 deltararar kom fram til 12 eksempel på kva eksisterande problem digitale sentralbankpengar kan løyse, og kva nye moglegheiter det kan gi samfunnet. Vi treng fleire slike initiativ, med innovation@digdir i spissen.

Arbeidet med digitalisering i EU påvirkar Noreg i stor grad, og Digdir har ei viktig koordineringsrolle. I 2022 har Digdir saman med Innovasjon Norge og Forskningsrådet jobba med å sikre best mogleg oppfølging av DIGITAL Europa programmet. Dette arbeidet er viktig for å sikre at digitaliseringa i Noreg heng saman med resten av Europa og at vi kan dra nytte av investeringar som blir gjort i EU. Vi jobbar også strategisk inn i det nordisk-baltiske samarbeidet for å oppnå god digital samhandlingsevne der vi legg til rette for å dele data mellom landa. Andre viktige område er felles tilnærming til regelverk, standardardar og infrastruktur. Mot tampen på året fekk vi ei gledeleg nyheit som vi kan vere stolte av og sjå fram til: Gjennom det Nordisk-Baltiske eID-konsortiet (NOBID) skal Noreg og Digdir samarbeide med fem andre land om å utvikle ein storskalapilot av betalingsløysningar for EU si digitale lommebok.

Illustrasjon av en person som dytter en hindring.

Betre digitalisering reduserer digitalt utanforskap

I 2022 kom også den viktige utfordringa med digitalt utanforskap med full styrke inn i samfunnsdebatten. Digitalisering må sikre at alle kan vere med. Løysinga er ikkje å fikse brukaren, dei som fell utanfor. Det finst heller ikkje berre eitt svar. Men: løysinga er ikkje mindre digitalisering, men betre digitalisering. I 2022 rulla Tilsynet for universell utforming av ikt ut ei ny tilgjengelegheitserklæring for nettstader, som er ein sjølvdeklarasjon som viser i kva grad ei verksemd sin nettstad etterlever krava til universell utforming av ikt.

Digdir har i 2022 saman med KDD jobba fram utkast til strategi for eID i offentleg sektor. Eit viktig område i strategien er å redusere digitalt utanforskap ved at alle har tilgang til ein eID som kan nyttast for å nå offentlege tenester, og at det blir oppretta gode løysingar for fullmakt og representasjon for dei som ikkje kan eller vil nytte digitale tenester sjølv. Strategien set viktige retningsval og peiker i ei retning der målet er at alle skal bli inkludert i det digitale samfunnet.

Samanhengande tenester er nøkkelen til å skape éin digital offentleg sektor. Det krev – og vil krevje – mykje brukarinnsikt og dialog med dei reelle brukarane. Vi hadde også tett kontakt med dei ulike ansvarlege for livshendingane, og Digitaliseringsrådet møtte og ga råd til to av dei. Mot slutten av 2022 starta Digdir det tverrfaglege arbeidet med heilheitleg informasjon, som handlar om at innbyggarar og næringslivet skal møte éin digital offentleg sektor, ikkje mange, og korleis dei enklast råd skal finne det dei treng, forstå det dei finn og få gjort det dei skal.

Tøff arbeidsmarknad, enda tøffere tilsette

Gjenopninga etter pandemien i 2022 har vore positiv for Digdir, som framleis er i byggefasen. Vi ser positive effektar av at vi kunne møtast igjen på tvers av avdelingar, fag, lokasjonar og verksemder. Fjernarbeid fungerer godt, men det er likevel avgjerande at folka våre får etablert og utvikla personlege relasjonar ved å møtast fysisk. I 2022 la vi stor vekt på trivselstiltak som har gitt effekt. Endringsmålingane viser at dei tilsette trivst og har høgt engasjement, at leiarane gjer ein god jobb og at den nye, hybride arbeidskvardagen fungerer godt.

Arbeidsmarknaden var spesiell i 2022. Som mange andre verksemder opplevde Digdir unormalt høg turnover, primært i Oslo som låg på heile 18 prosent. Likevel har vi klart å halde trykket og farten oppe, og vi har samstundes hatt høg kvalitet på leveransane. Det fortener dei tilsette og leiarane ein skikkeleg klapp på skuldra for. Vi har aktive tiltak som gjer meg trygg på at vi klarer å behalde og rekruttere framover.

Høg fart inn i 2023

Dei krevande omprioriteringane vi måtte gjere i midten av 2022, gjorde at farten på andre område vart redusert ei stund. Gjennom hausten, trass i store endringar og høg turnover, klarte vi å sette opp farten igjen. Vi gjekk ut av 2022 og inn i det nye året med stort trykk og så høg fart at vi må bremse mot sommaren om vi ikkje får utvida rammer for å gjennomføre vårt kritiske moderniseringsarbeid på fellesløysingane. Vi har, etter mi meining og med tal som grunnlag, styrka Digdir som premissgivar den siste tida – i nært samarbeid med Skate. Ein stor takk til dei viktige samarbeidspartnarane for året som gjekk. De er avgjerande for at Digdir skal lukkast.

Digitalisering er ein lagsport. Og i tøffe tider treng vi heile laget. Vi er klare for 2023!

Illustrasjon av to personer som løfter et tungt objekt sammen.