Hopp til hovedinnhold

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Viktige hendingar i 2022

Det tredje leveåret til Digdir var prega av stor aktivitet, viktige leveransar og mange hendingar.

Januar

  • Digdir startar året med ny organisering frå 1.1.2022.
  • Årsstatistikken for 2021 viser nye rekordtal for dei nasjonale fellesløysingane som ID-porten, Altinn og Kontakt- og reservasjonsregisteret.
  • Tilsynet for universell utforming av ikt lanserer statistikksider som er eit steg på vegen mot å utvikle eit datadrive, digitalt tilsyn.
  • Kompensasjonsordninga for næringslivet opnar igjen der fellesløysingane Altinn og ID-porten vert nytta.

Februar

  • Digdir lanserer kompetansemodell for digital transformasjon som skal hjelpe verksemdene i utviklinga av leiing, kultur og kompetanse for å lukkast med digital transformasjon.
  • Digdir og DOGA arrangerer Stimulab-dagen for første gong med 400 deltakarar, og dei sju Stimulab-prosjekta som blei valde ut i 2021 finn leverandørar til prosjekta som er forventa å starte opp innan kort tid.
  • Skate publiserer erfaringsrapport for 2021 som mellom anna inneheld ein gjennomgang av arbeidet til Skate i 2021.
  • Livshendinga dødsfall og arv får merksemd gjennom ei rekke oppslag i media om korleis etterlatne etter dødsfall vert behandla av storsamfunnet.

Mars

  • Tilsynsdirektør Malin Rygg i Sogn Avis i samband med kvinnedagen. Teknologien har snart har tatt seg inn på alle delar av dagleglivet vårt, men det er framleis få kvinner i teknologi. Andel kvinnelege IKT-studentar ligg på snittet i EU, men bak både Sverige, Danmark og Island.
  • Leiinga i Digdir møter statsråd Bjørn Arild Gram for første gong sidan han overtok som kommunal- og distriktsminister. Statsråden får innblikk i bredda til Digdir si verksemd, og eit innblikk i dei største utfordringane vi står overfor.
  • Digdir får, saman med fleire andre offentlege verksemder, Dataforeningens første e-Helsepris for arbeidet med TISK IKT. TISK IKT skapte på kort tid løysingar under pandemien for å samle inn testresultat, smittesporing og koronasertifikat, både for innbyggarar og tilreisande.

April

  • Digdir får oppdrag frå kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram om å få på plass eit opplegg for at flyktningar frå Ukrania raskt kan få eID. Med eID kan flyktningar ta i bruk offentlege digitale tenester i Noreg.
  • Digdir vurderer sin eigen bruk av Facebook og konkluderer med at Digdir kan og bør ha ei side på Facebook. Digdir deler vurderinga som ein del av rettleiinga for bruk av sosiale medium i forvaltninga.

Mai

  • Steffen Sutorius blir utnemnd av kongen i statsråd som direktør i Digitaliseringsdirektoratet for ein ny seksårsperiode.
  • Digdir sin nye rettleiar om klarspråk i utvikling av digitale tenester vert lansert. Den viser korleis verksemder kan bruke klart språk til å gjere digitale løysingar betre og heve kvaliteten på dei offentlege tenestene.
  • Digdir leverer rapport om Innsynsløsning – tekniske og juridiske muligheter.
  • Stimulab mottek 41 søknader frå heile landet og vel ut sju nye innovasjonsprosjekt som får støtte i 2022.
  • Medfinansieringsordninga mottek dobbelt så mange søknadar som i 2021 og vel ut åtte prosjekt som til saman får 128 millionar kroner i støtte. "Enklare tilgang til informasjon" i livshendinga alvorleg sjukt barn og "Oppgjer etter dødsfall» i livshendinga dødsfall og arv er blant prosjekta som får midler.
  • Digitaliseringsrådet får besøk av og gjer råd til livshendinga starte og drive ein frivilleg organisasjon Digdir tek i bruk WebSak som nytt sak- og arkivsystem.
  • Digdir arrangerer heildagssamling for livshendingane med representantar frå dei ansvarlege verksemdene for livshendingane, tverrdepartemental gruppe, og KS der dei diskuterer regelverksutvikling, kommuneinvolvering, datadeling og erfaringar frå nordiske land.

Juni

  • Eit einstemmig Storting gjer vedtak om å endre arvelova. Lovendringa vert sanksjonert av kongen i statsråd 22. juni. Endringa gjer at det vert mogleg å utvikle effektive og brukarvennlege digitale tenester for skifte av dødsbo.
  • Skate tilrår i ei bekymringsmelding at regjeringa bør satse på dei digitale fellesløysingane i komande budsjett. Dette er viktig for digitaliseringa av det offentlege.
  • Tilsynet lanserer statistikk over diskriminering på IKT-området som viser kva type digital diskriminering brukarane opplever.
  • Andreas Rafaelsen vert tilsett som avdelingsdirektør for brukaroppleving og datadeling (Brønnøysund) og Frode Danielsen vert tilsett som avdelingsdirektør for fellesløysingar (Leikanger).

Juli

  • Frå 1. juli kan ukrainske flyktningar bestille eID frå Buypass for å få tilgang til offentlege digitale tenester i Noreg.
  • Digdir arrangerer sommarcamp for studentar innan IT, design, juss og forvaltningsinformatikk i Leikanger og Brønnøysund. I Leikanger leverer dei ein rapport som beskriv korleis ein kan ta i bruk meldingsutveksling med Peppol. I Brønnøysund er campen i samarbeid med Digitale Helgeland og Brønnøysundregistera. I rapporten lanserer studentane ein idé om ein berekraftportal som kan bidra til å skape eit grønare næringsliv.

August

  • Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Digdir i Leikanger. Statsråden får lære om fellesløysingane og Tilsynet for universell utforming av ikt, og han møter sommarcamparane.
  • Digitaliseringskonferansen vert arrangert på Gardermoen med i alt 805 deltakarar og 22 utstillarar. Temaet er «Digitalisering – det handler om mennesker».
  • TISK IKT vinn Digitaliseringsprisen på Digitaliseringskonferansen.
  • Digitaliseringsdirektoratet deltek på Arendalsuka med tre eigne arrangement.
  • Ein ny rapport om digital sårbarheit frå SSB, DFØ og Digdir viser kven som har høgast og lågast risiko for digitalt utanforskap.

September

  • Brukarrådet vert arrangert digitalt frå Økern portal med over 1 200 påmeldte deltakarar. Temaet er «Fra smarte byggeklosser til sammenhengende tjenester».
  • Digdir og DFØ lanserer ein rettleiar for bruk av skytenester i det offentlege som vi har leia arbeidet med å utvikle etter oppdrag frå Skate.
  • Finanstilsynet er først ute med å reetablere to tenester frå Altinn II til Altinn 3. Med dette er jobben med å få tenesteigarane i Altinn til å migrere tenestene sine over til Altinn 3 for alvor i gang.
  • Livshendinga dødsfall og arv ved programleiar Bredo Swanberg får førstesida i VG, som skriv om digitalt dødsbo i Altinn.
  • Datafabrikken lanserer Datajegeren, ei teneste som hjelper verksemder å finne og få tilgang til datasett frå offentleg sektor.
  • Kjell Arne Knutsen går av som avdelingsdirektør i verksemdsstyring. Gjertrud Eliassen overtek som fungerande.
  • Grete Orderud går av som avdelingsdirektør for samanhengande tenester og livshendingar. Birgitte Yttri overtek som fungerande.

Oktober

  • Tilsynet for universell utforming opnar løysing for tilgjengelegheitserklæring for nettstader på uustatus.no.
  • Digdir markerer den nasjonale sikkerheitsmånaden for ein trygg digital kvardag med å arrangere fleire foredrag om ulike tema knytt til sikkerheit.
  • Digdir arrangerer det første møtet i NOBAREG, eit prosjekt finansiert av Nordisk Baltisk Ministerråd som skal sikre effektiv implementering av EU regelverk på digitaliseringsfeltet.
  • Knut Bjørgaas går av som avdelingsdirektør i digital strategi og samhandling. Kjetil Korslien overtek som fungerande.
  • Digdir deltek og held fleire arrangement på NOKIOS, mellom anna "Korleis utvikle samanhengande tenester i eit økosystem?" og "Slepp dataene fri, dei er våre".

November

  • Steffen Sutorius går av som direktør i Digdir. Frode Danielsen vert konstituert direktør.
  • I 2022 passerer vi for første gong to millionar elektroniske signeringer av dokument gjennom eSignering på eitt år.
  • Digitaliseringsrådet lanserer årets erfaringsrapport “Samarbeid – fra ord til handling!”.
  • Nina Olsen Munthe overtek stillinga som fungerande avdelingsdirektør for fellesløysingar etter Frode Danielsen som vert konstituert direktør.
  • Digdir og Noregs Bank inviterer til idemyldring om digitale sentralbankpengar med påfølgande hackathon med over 100 deltakarar. Resultatet er 12 eksempel på kva eksisterande problem digitale sentralbankpengar kan løyse, og kva nye moglegheiter det kan gi samfunnet.

Desember

  • Statsråd Sigbjørn Gjelsvik møter Skate for å diskuterte viktigheita av digitale fellesløysningar og korleis vi kan jobbe mot digitalt utenforskap.
  • Digitaliseringsdirektoratet tek initiativ til samarbeid for å sikre felles retning på arbeidet med informasjonssikkerheit i offentleg forvaltning.
  • StartOff tek førsteplassen på European Innovation Procurement Awards i kategorien Procurement Leadership for ein ny og enklare modell for raske utviklingsprosjekt i offentleg sektor.
  • Digdir arrangerer fagsamling om verkemiddelapparatet for å vise fram korleis vi kan bistå i arbeidet med å utvikle samanhengande tenester og kva støtte verksemdene kan søke om.
  • Gjennom det Nordisk-Baltiske eID-konsortiet (NOBID) skal Noreg og Digdir samarbeide med fem andre land om å utvikle ein storskalapilot av betalingsløysingar for EU si digitale lommebok.