Slik jobbar vi med innovasjon
Innovasjonsarbeidet i Digdir handlar om å løyse samfunnsutfordringer, ikke minst i arbeidet med samanhengande tenester og livshendingane. Digdir har ei rekke tilsette, verkemiddel og ordningar som bidreg til betre løysningar som skapar verdi for verksemder, innbyggarar og næringsliv.
Digdir skal vere ein pådrivar for innovasjon i offentleg sektor på våre fagområde. Eit av hovedmåla for Digdir er å samordne digitalisering og innovasjon slik at det møter brukarane sine behov og sikrar ei effektiv offentleg forvaltning. Stortingsmelding 30 «Ein innovativ offentleg sektor», Stortingsmelding 22 «Data som ressurs — Datadrevet økonomi og innovasjon» og digitaliseringsstrategien «Éin digital offentleg sektor» gir føringar for arbeidet vårt.
Innovasjon er per definisjon eksperimenterande og løysinga er ukjent. Den raske teknologiske utviklinga krev kontinuerleg vidareutvikling av digital kompetanse for innovasjon, omstilling og datadriven innovasjon. I Digdir er vi avhengige av innovasjon i store deler av arbeidet vårt, anten vi skal videreutvikle eller skape nye fellesløysingar, støtte dei vi er til for eller finne heilt nye løysingar på framtidige utfordringar. Arbeidet med informasjonsforvaltning og deling av data skal bidra til næringsutvikling og innovasjon i offentleg sektor, og vi skal bruke innkjøp til å fremme innovasjon og nytenking. Våre utviklingsmiljø har jobba smidig i mange år, og DevOps er ein naturleg del av vår metodikk. Vi har også eit eige fagmiljø for brukaroppleving med design- og innhaldskompetanse.
Innovation@digdir: vårt eige innovasjonsmiljø
Offentleg sektor må levere betre tenester for færre kroner for å møte utfordringane som ligg føre oss. Det krev evne til innovasjon. Innovation@digdir er Digdir sitt eige innovasjonsmiljø og er ei vidareføring av innovation@altinn – eit nettverk og fellesskap der vi stimulerer til idéutvikling og til å ta idéene vidare mot konkrete løysingar.
- I 2022 arrangerte Innovation@Digdir og Noregs bank ei idéemyldring med påfølgande hackathon for å teste ut kva eksisterande utfordringar ei innføring av digitale sentralbankpengar vil kunne løyse, og kva nye moglegheiter det kan gi samfunnet. Samarbeidet har så langt resultert i 12 eksempel som Noregs bank vurderer i det vidare arbeidet.
- Vi har utforska og testa korleis nasjonale fellesløysninger kan understøtte nye måtar å utvikle offentlege tenester på. Eit døme er samarbeidet med Tolletaten og Arkivverket i regulatorisk sandkasse for arkiv, data og offentlighet. Saman testa vi ut nye løysingar for å gjere Tolletaten sine datasett tilgjengelege i Felles datakatalog og søkbare for offentlegheita gjennom eInnsyn.
- Vi har gjennomført åtte arrangement med over 270 deltakarar frå 61 verksemder i "Operativ verkstad for samanhengande tenester» for å løyse konkrete utfordringar, utforske og teste nye idear raskt og styrke kompetansen på digitalisering.
Vi stimulerer til innovasjon
- Stimulab støttar og stimulerer til brukarorientert eksperimentering og nyskaping i forvaltninga. Saman med DOGA har Digdir støtta 43 prosjekt i statlege og kommunale verksemder til å tenke nytt om og endre roller og system for å levere betre tenester til brukarane. Tillit var tema for Stimulabdagen og alle sju prosjekta som fekk støtte i 2022 understøttar tillitsreforma. Prosjektet "Statsforvaltaren sine fellestjenester" vart den første piloten under tillitsreformen.
- Det offentlege kjøper tenester for over 600 milliardar kroner i året. Oppstartsselskap eller start ups kan ofte sitte på den innovative løysinga på offentlige behov. Digdir samarbeider med DFØ i StartOff, som koblar oppdragsgivarar og startups – og følger partane gjennom hele innkjøpsprosessen, kor mellom anna mobilitet, digitalisering og bærekraft er tema. StartOff tok 1. plass på «European Innovation Procurement Awards» i kategorien «Procurement Leadership»for ein ny og enklare modell for raskare utvikling av utviklingsprosjekt i offentleg sektor.
- Digitaliseringsrådet gir råd til og hjelper leiarar for statlege verksemder å lukkast med digitaliseringsprosjekt og endringsprosessar. I den årlige erfaringsrapporten deler Digitaliseringsrådet sine funn og tilrådingar.
- Digdir er også med i Digital Samhandling Offentlig Privat (DSOP), eit samarbeid mellom offentlege verksemder og finansnæringa. Oppgjer etter dødsfall, eit delprosjekt under livshendinga dødsfall og arv, er eit av samarbeidsprosjekta i regi av DSOP.
- Digdir er ein aktiv part i både nasjonale og internasjonale innovasjonsnettverk, kor vi deler kunnskap og erfaringar for å auke innovasjonsevna og verdiskapinga i både offentleg og privat sektor.
- Digdir fremmar klart språk, bl.a. gjennom digitalisering og innovasjon. I 2022 lanserte vi ein rettleiar som viser korleis vi kan bruke klart språk som eit verktøy i utvikling av digitale tenester frå prosjektoppstart til ferdig løysing.
Vi utviklar oss
Eit av dei strategiske måla i Digdir sin strategi er eit internt organisasjonsmål. Mål 4, "Digdir skal vere ein nytenkande og attraktiv organisasjon", har som delmål å utvikle ein fleksibel og lærande organisjon og at Digdir skal ta i bruk nye arbeidsmåtar og eksperimentere med teknologi for å innovere og skape verdiar.
- "Eg er audmjuk og takknemleg for at eg får jobbe med så mange dyktige menneske i og utanfor Digdir, og stolt over at vi - saman og for samfunnet sitt beste - utforskar nye idear og utfordrar gamle sanningar."
Dirk Lammering (53), fagdirektør og ansvarleg for innovation@digdir
Oslo, avdeling for samanhengande tenester og livshendingar