Hopp til hovudinnhald

Denne nettsiden er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Leiinga

Fungerande direktør Frode Danielsen leiar Digdir. Toppleiargruppa består av avdelingsdirektørane for fire fagavdelingar og tre stabs- og støtteområde. Tilsynet for universell utforming av ikt har ei særskilt uavhengig rolle, men tilsynsdirektøren er ein del av toppleiargruppa.

Toppleiargruppa

Frode Danielsen, konstituert direktør - portrett

Frode Danielsen

Konstituert direktør (frå 15.11.22)

Frode Danielsen har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, der han mellom anna har hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er jurist frå Universitetet i Bergen.

Gjertrud Eliassen - fung. avdelingsdirektør verksemdstyring

Gjertrud Eliassen

Fungerande avdelingsdirektør for verksemdstyring

Gjertrud Eliassen har vært økonomiansvarleg i direktoratet frå 2019. Ho har lang erfaring frå Riksrevisjonen, og ho har vært prosjektleiar i Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon. Eliassen er utdanna innan revisjon, ikt og prosjektleiing, og har ein master i styring og leiing.

Kjetil Korslien - avdelingsdirektør digital strategi og samhandling

Kjetil Korslien

Fungerande avdelingsdirektør for digital strategi og samhandling

Kjetil Korslien har erfaring som stabsjurist i Oslo kommune, og erfaring frå arbeid med og undervisning i fagområda personvern og informasjonssikkerheit. Han er til dagleg leiar for Statens kompetansemiljø for informasjonssikkerheit. Korslien har master i rettsvitskap frå UiO og utdanning i leiing frå BI.

Birgitte Yttri - avdelingsdirektør samanhengande tenester og livshendingar

Birgitte Yttri

Fungerande avdelingsdirektør for samanhengande tenester og livshendingar

Yttri har leia arbeidet med innovasjon og brukarretting i Digitaliseringsdirektoratet sidan 2018. Ho har erfaring innan tverrgåande tenesteutvikling i privat og offentleg sektor, og er brennande engasjert i utviklinga av samanhengande, digitale tenester som vil gje oss ein enklare kvardag. Yttri er organisasjonssosiolog frå UIO med fordjuping i intraorganisatorisk samarbeid, og har ein master i endringsleiing frå BI.

Nina Olsen Munthe - avdelingsdirektør fellesløysingar

Nina Olsen Munthe

Fungerande avdelingsdirektør for fellesløysingar

Nina Olsen Munthe er jurist utdanna ved UiO og har bakgrunn frå Skattetaten, der ho var avdelingsdirektør for Skattetatens rettleiingsteneste i Vest frå 2007-2016. Ho har leia seksjon for marknad- og tenesteoppfølging i avdeling for fellesløysingar i Digdir sidan 2016 og brenn for bruken av fellesløysingane for å forenkle, forbetre og effektivisere offentleg sektor og gjere det enklare for innbyggarane.

Portrett av Andreas Rafaelsen

Andreas Rafaelsen

Avdelingsdirektør for brukaroppleving og datadeling

Andreas G. Rafaelsen har jobba med utvikling av Altinn sidan 2010 og har hatt roller som arkitekt, løysingsansvarleg, og seinast leiar for utviklingsseksjonen sidan 2018. Han har også fleire års erfaring frå Kongsberg Spacetec, som prosjektleiar og utviklar. Rafaelsen er utdanna sivilingeniør i informatikk frå universitetet i Tromsø.

Portrett av Onar Aanestad

Onar Aanestad

Kommunikasjonsdirektør

Onar Aanestad har tidlegare hatt same stillinga i Difi og SPK. Han har bakgrunn som konsulent frå Gazette og Styrkr, og han har arbeid for Norges handikapforbund i Midtausten. Aanestad er statsvitar.

Portrett av Malin Rygg

Malin Rygg

Tilsynsdirektør i Tilsyn for universell utforming av ikt

Malin Rygg har leia tilsynet for universell utforming av ikt sidan 2013. Tilsynet har ansvar for å følgje opp forskrift om universell utforming av ikt-løysingar, knytt til likestillings- og diskrimineringslova. Rygg er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Portrett av Sissel Sare

Sissel Sare

HR-direktør

Sissel Sare har lang erfaring som leiar og HR-direktør frå offentleg og privat sektor. Ho har jobba i Skatteetaten, og som HR- og kommunikasjonsdirektør i Oslo kommune. Sare har også fleire år i finans- og IT-bransjen, i Bluegarden og Gjensidige. Sare har utdanning i psykologi, organisasjon og leiing frå universitetet i Oslo og BI.

Les vidare