Kommunikasjon
Vi vurderer måloppnåinga på kommunikasjon i 2022 som god. Bruken av nettløysingane og dei sosiale media våre auka, arrangementa fekk høg skår og den nye rettleiinga for klart språk i digitale tenester fekk stor merksemd.
Digdir sine mål
Digdir hadde fire hovudmål for fagområdet kommunikasjon i 2022.
Mål 1
Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
Resultat
-
Ny landingsside og fleire nye rettleiarar på digdir.no
-
Meire redaksjonelt innhald på Samarbeidsportalen
-
Nedgang i bruken av digdir.no, altinn.no og noreg.no, men stor oppgang i bruken av uutilsynet.no og Samarbeidsportalen
Prioriteringer og tiltak
- Digdir har ikkje fått prioritert en ny, felles kanalstrategi, som vil gjere det lettare å sjå alle kanalane til Digdir i samanheng
- I 2023 må Digdir modernisere dei teknologiske plattformane til næringslivsportalen altinn.no og innbyggarportalen noreg.no
Oppnådd
Mål 2
Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
Resultat
-
Høg aktivitet og like nøgde deltakarar som i 2021
-
Rekordhøg deltaking på Brukarrådet, noko lågare deltaking på Digitaliseringskonferansen
-
Meir bruk og etterbruk av digitale møte og arrangement
Prioriteringer og tiltak
- Digdir må ruste seg ytterlegare for å produsere stadig meir sjølv, i tråd med regjeringa sine føringar.
- Vi prioriterer innsatsen for å auke kjennskapen og bruken av Digdir sitt tilbod
Oppnådd
Mål 3
Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
Resultat
-
Digdir har styrka medieskåren og omtalen i rolla som premissgivar
-
Digdir konkluderte med fortsatt bruk av Facebook og delte vurderinga i rettleiinga for bruk av sosiale medium
-
Digdir auka aktiviteten og talet på følgarar i alle sosiale medium, og har 15 000 følgarar på LinkedIn etter tre år.
Prioriteringer og tiltak
- Arbeidet med å styrke Digdir som premissgivar på prioriterte fagområde held fram
- Satsinga på relevant og brukarvenleg innhald i alle kanalar held fram
Oppnådd
Mål 4
Vi fremmar klart språk
Resultat
- Digdir lanserte ei ny rettleiing som viser korleis verksemder kan bruke klart språk i utviklinga av digitale tenester. NAV, Skatteetaten og Oslo kommune har teke den i bruk, og bachelorprogrammet for klart språk ved UiO har teke den inn som pensum.
Prioriteringer og tiltak
- Arbeidet for å gjere den nye rettleiinga kjent og få fleire verksemder til å ta den i bruk, held fram.
- Vi vil knytte arbeidet med klart språk opp til relevante satsingar.
Oppnådd
Grafar
Nøkkeltal
Bruken av nettstadane våre auka igjen i 2021. Den nye heimesida digdir.no nær dobla bruken i det andre leveåret og vi auka talet på følgarar i sosiale medium. Vi leverte fleire digitale arrangement og brukarane er meir nøgde både med arrangementa og det faglege utbyttet.
deltakarar på Brukarrådet i 2022, som er rekord. Talet i 2021 var 993.
følgarar på LinkedIn, mot 10 093 i 2021 og 7 803 i 2020.
brukarøkter i altinn.no; ein nedgang på 12 %, fordelt på 105 mill. sidetreff i 2022 (120 mill. i 2021).
medieskår i 2022, som er 25 % høgre enn skåren på 43,4 året før.
Digdir hadde fire hovudmål for fagområdet kommunikasjon i 2022:
- Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
- Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
- Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
- Vi fremmer klart språk
Resultat
Oppsummert vurderer vi den samla måloppnåinga som god i 2022.
Mål 1: Vi tilbyr effektive og brukarorienterte digitale tenester som gjer det lett å gjere rett
I 2022 varierte besøkstala på nettstadene til Digdir i begge retningar. Digdir.no hadde ein liten nedgang i besøk, men fekk ei ny, brukarorientert landingsside. Sidetreffa på altinn.no gjekk ned frå om lag 120 til 105 millionar, og brukarøktene gjekk ned med 12 prosent grunna at Skatteetaten har teke ut fleire tenester. Bruken av noreg.no gjekk ned med 10 prosent. Det høge talet i 2021 skuldast at kommunar ba alle over 65 år å sjekke kontaktinformasjonen sin i Kontakt- og reservasjonsregisteret via Noreg.no. Antall brukarøkter på hjelpesidene til ID-porten var også ein tredjedel lågare. Vi lanserte ein ny versjon av Prosjektveiviseren.
Uutilsynet.no auka trafikken med 35 prosent i 2021 og heile 50 prosent i 2022, mykje grunna den nye tilgjengelegheitserklæringa. Bruken av Samarbeidsportalen, som er viktig for brukarane av fellesløysingane, auka heile 40 prosent. Årsaka er at mange nye kundar kom til i 2022, og at meir redaksjonelt innhald førte til at eksisterande kundar brukte Samarbeidsportalen meir. Altinn digital er under avvikling og vert integrert i Samarbeidsportalen.
Mål 2: Vi når fleire for mindre gjennom arrangement brukarane har nytte av og er nøgde med
I 2002 var aktiviteten like høg og deltakarane like nøgde som i 2021. Digdir hadde 75 arrangement, mot 112 i 2021. Vi registrerte 8 843 påmeldte deltakarar i 2022, mot 7 895 i 2021. Det reelle talet er høgare begge åra sidan mange arrangement hadde open lenke. Ingen arrangement var kun fysiske.
Digitaliseringskonferansen hadde 805 deltakarar, som var mykje lågare enn i 2021 med 1457. Dette var ei trend i post-pandemiåret 2022. Brukarrådet var digitalt og hadde 1 335 deltakarar, som er langt høgare enn 973 året før.
Stadig fleire nyttar Teams til nettverksmøter og arrangement, og i mindre grad Vimeo. Sjølv om dei målbare strøymetala går ned, bidreg dei reelt sett til sterk meir- og etterbruk av arrangementa våre. Vi samarbeidde godt med DFØ om felles konferansesenter og studio.
Mål 3: Vi bruker kommunikasjon til å utvikle og profilere Digdir
Sjølv om medieomtalen var noko lågare enn i 2020, auka medieskåren og omtalen av Digdir som premissgivar sterkt i 2022. Den positive omtalen hadde langt større gjennomslag enn i 2020, medan den negative hadde mindre. Deling av data, informasjonssikkerheit og arbeidet med livshendingane, særleg dødsfall og arv, fekk mykje positiv omtale. Lokale media i Brønnøysund og Leikanger viste fram Digdir som attraktiv arbeidsgivar i mange oppslag. Uønska hendingar i ID-porten slår sterkt negativt ut på mediescoren.
Utvikling i medieskår frå 2020 til 2022
Medieskår | All omtale med hendingar | All omtale utan hendingar |
---|---|---|
2020 | 43,4 | 70,6 |
2022 | 58,2 | 69,6 |
Medieomtale fordelt på Digdir sine fire roller
Rolle | 2020 | 2022 |
---|---|---|
Premissgivar | 22,93 % | 39,79 % |
Leverandør | 43,52 % | 38,61 % |
Iverksettar | 27,45 % | 17,03 % |
Tilsyn | 6,08 % | 4,21 % |
Digdir vurderte sin eigen bruk av Facebook og konkluderte med at vi kan og bør ha ei side på Facebook. Digdir delte vurderinga som ein del av rettleiinga for bruk av sosiale medium i forvaltninga. Vi auka talet på følgarar på alle sosiale medium. Vi har lagt ned stor innsats på LinkedIn, som vaks til 7 803 følgarar i etableringsåret 2020, 10 093 i 2021 og 14 725 i 2022. Facebook auka frå 1 493 følgarar i 2021 til 1 779 i 2022, Twitter frå 1 656 til 1 868, og Instagram frå 762 til 935 følgere. Vi publiserte 20 tekstlege blogginnlegg, videobloggar og podcastar på Digitaliseringsbloggen, mot 26 i 2021. Nyheitsbrevet hadde 8 987 abonnentar, 171 fleire enn i 2021.
Mål 4: Vi fremmer klart språk
I mai 2022 lanserte Digdir ei ny rettleiing for bruk av klart språk som prosessverktøy i utvikling av digitale tenester, i samarbeid med fagmiljøet for brukaroppleving i Digdir og som del av livshendinga dødsfall og arv. Retleiinga vekte stor interesse. Så langt har NAV, Skatteetaten og Origo Oslo kommune teke rettleiaren i bruk, og bachelorprogrammet Klart språk ved Universitetet i Oslo har teke den inn på pensumlista.
I 2022 har det viktige samarbeidet med Språkrådet og KS handla om felles klarspråksstand på Digitaliseringskonferansen 2022 og nettseminar om ulike klarspråkstema.
Utfordringar
Digdir har ikkje fått prioritert ein felles kanalstrategi som sikrar at brukarane våre opplever netteneste som heilskaplege. Altinn.no og norge.no står begge føre ei teknologisk fornying i 2023, men den framtidige rolla og potensialet til dei to noverande portalane for næringslivet og innbyggarane som del av arbeidet med samanhengande tenester, livshendingane og helskapleg informasjon er ikkje avklart.
I tråd med nye politiske signal frå ny regjering har Digdir redusert bruken av konsulenttenester på kommunikasjon. Det har auka presset på og krava til Digdir sine kommunikasjonsressursar, spesielt på produksjon av videoar, design og klart språk.
- "Det som er bra med å være lærling i Digdir, er at jeg blir faglig utfordret og får tillit til å utføre selvstendige oppgaver. Digdir som lærebedrift er fleksibel, raus og tar initiativ til at jeg får videreutvikle meg."
Mina Kanyarat Ngobudda (20), lærling i mediegrafikerfaget Oslo, kommunikasjonsavdelingen
Prioriteringar og tiltak
I 2023 vil vi jobbe med å finne svaret saman med andre på korleis det offentlege kan og skal kommunisere livshendingane på ein mest mogleg kostnadseffektiv, brukarorientert og heilskapleg måte, samstundes som vi må avklare kva rolle næringslivsportalen altinn.no og innbyggarportalen noreg.no skal spele framover.
Vi vil fortsette det målretta arbeidet med å styrke medieskåren generelt og Digdir som premissgivar på prioriterte område i samfunnsdebatten spesielt. Vi planlegg også å gjere ei risikovurdering (DPIA) av LinkedIn og Twitter i 2023.
Digdir vil fortsette å auke kjennskapen til og bruken av Digdir sitt samla tilbod i 2023, inkludert marknadsføringa av rettleiinga for klart språk, og vi vil knytte klart språk til prioriterte og relevante satsingar som livshendingane, brukskvalitet og heilskapleg informasjon.
Nettstad | 2020 | Endring 20-21 | 2021 | Endring 21-22 | 2022 |
---|---|---|---|---|---|
ID-porten sine hjelpesider | 3 058 513 | 0,80 % | 3 083 066 | -31,8 % | 2 102 635 |
Noreg.no | 1 749 876 | 40,70 % | 2 462 147 | -10,8 % | 2 197 044 |
Digdir.no | 358 779 | 69,44 % | 607 929 | -0,9 % | 602 209 |
Altinn.no | 65 836 829 | 3,79 % | 68 324 185 | - 12,0 % | 60 159 895 |
Altinn digital | 3 412 | -1,99 % | 3 344 | - | Utfases |
Prosjektveiviseren.no | 123 550 | 2,85 % | 127 072 | -11,3 % | 111 482 |
Samarbeidsportalen | 115 000 | -7,94 % | 105 870 | 40,3 % | 172 861 |
Tilsynet for universell utforming av ikt | 98 583 | 35,37 % | 133 448 | 50,0 % | 200 111 |